Hopp til hovedinnhold

NATURETUR Eatnemevööstede

Kunstutstillingen NATURETUR Eatnemevööstede besøker Sverresborg museum i perioden 24.02.24 – 30.09.24
Offisiell åpning lørdag 24. februar kl. 13.00 - 15.00

Prosjektledere og strikkedesignerne i DUODU, Rita Nylander og Anne Grut Sørum, har fått med seg et stjernelag av kunstnere/kunsthåndverkere, som alle sier noe om sitt eget forhold til natur.

  • 1/1

KUNSTNERE:
SISSEL M. BERGH | KATARINA BLIND | BRIT DYRNES | UNNI FJELLHEIM | BEATE LUND KRISTIANSEN
INGER BLIX KVAMMEN | ERLEND LEIRDAL | GERD LORÅS | ANETTE LUND | EDITH LUNDEBREKKE
ØYSTEIN PÅLSSØNN LØNVIK | JØRGEN MOE | RITA NYLANDER | RAISA PORSANGER
TORIL REDALEN | SIRI SKJERVE | ANNE GRUT SØRUM

Utgangspunktet for dette prosjektet utspiller seg fra den nye Læreplanen hvor det presiseres at elevene skal lære om mangfold og variasjon innenfor samisk kultur og samfunnsliv. 

Men hvordan skal vi nærme oss den samiske kulturen med respekt og uten at det kan forstås som appropriering?​

Fra tidligere tider har vi alltid benyttet materialer vi har funnet i naturen til å produsere håndverksprodukter som har vært både funksjonelle, estetiske og nyttige. Taktile overflater i håndlagde produkter gjør at vi lettere kan gjenkjenne materialene de er laget av. Vi kan se spor etter håndverksprosessene og oppleve et nærvær. Vår hensikt med denne utstillingen er å vise produkter/kunstverk laget av kunsthåndverkere som arbeider tett på naturmaterialer, - med en nærhet til materialet. Og håpet er at utstillingen kan sette i gang tanker som utfordrer vår bevissthet i forholdet vårt eget, og vår tids, forhold til natur. Vi er alle, uansett kulturell bakgrunn, avhengige av en natur i balanse, men urfolk har i større grad enn andre kulturer bevart nærhet og respekt for naturen og omgivelser med sine naturbrukstradisjoner. Kanskje kan denne kulturen bidra til å vise oss en veg til å lære å sette pris på og ta vare på naturen, og også videreføre denne holdningen til kommende generasjoner.

«Jeg vil slipe huden på fingertuppene mine. 

Tynn mot ru virkelighet, jeg vil

kjenne det jeg tar i»  

Fra diktet «Nærhet» av Hans Børli​

PROSJEKTLEDELSE

NTNU & DUODU 

V/ ANNE GRUT SØRUM OG RITA NYLANDER

Jordnære visjonar

Til alle tider har naturen vore ei drifkraft for utviklinga av nye kunstnarlege uttrykk. Det var til urørte og dramatiske fjell- og fjordpanorama J. C. Dahl gjekk til då han ville utvikle eit eige norsk måleri på byrjinga av 1880-talet. Endåtil for kunstnarnane som sytti år seinare hadde til mål å fjerne seg frå det figurative uttrykket, og forme bilde der fargeklanger og komposisjonar får hovudrolla, vart naturopplevingar forløysande. Såleis skapte dei verk som formidlar ei kjensle meir enn korleis noko ser ut.

Kvar kunstnarlege periode fortel mykje om den rådande førestillingsverda. Til dømes vart alt av samiske uttrykk lenge neglisjerte av kunstvitarar. Også kunsthandverket, særleg teknikkar som var typiske for det kvinner arbeidde med, vart oversett. I dag er kunstnarfloraen rikare enn nokon gong, sterk og vital.

Såleis vert kunsten alltid med på å skape tidsbildet av samfunnet vi lever i, så vel som å vise veg framover. Derfor er det verdt å sjå på korleis vår tids kunstnarar skildrar naturen. I dei siste åra har museum og galleri vortne fylte av uroande dystopiar. Verk som synleggjer korleis rovdrift får naturen til å vende seg mot oss, og med ustyrleg villskap flerre vekk illusjonen om at mennesket har lukkast med å temje naturen. Dette er viktige advarslar, samstundes som det er som om vi druknar i denne typen kunst. Med ein innybygd fare om ei reversering av mangfaldet i uttrykka, risikerer vi å hamne inn i einsretting av kunstuttrykk. Kan denne formen for kunst bidra til å styrke den økodepressive haldninga som er i ferd med å legge seg som ei lammande hand over heile samfunnet?

Derfor er det så befriande med utstillingar som Naturetur. Her viser kunsten at den har kraft til å styrke håpet, og bane veg for nye løysningar gjennom evig fornybar bruk av naturen – og den evige kjærleiken til naturen. For denne utstillinga skil seg ut med ei frodig naturglede. I tillegg til å vise kunstverk, har dei sytten kunstnarane laga kvar sin tekst som fortel om sin relasjon til naturen. Her vert naturen ikkje noko ein berre ser på, men noko heilt fundamentalt, ein del av oss. Som vi har nærleik til, og er i samspel med. Her er ingen lengt etter ein utopi eller romantisert idyll, men eit nært og ærleg forhold. Leik og glede i djupaste alvor.

Kunstnarane skissar opp løysingar, forslag til levemåtar, med tekstar som minner oss om gleder i naturen, ein annan tenke og handlemåte. Vi må framleis vere i stand til å sjå det vakre omkring oss. Naturetur dannar eit vakkert spinn av kunst, med trådar attende i tid, som også flettar dei saman, til eit nett som er sterkt nok til å halde på ei framtidstru.

Du kan kome til utstillinga Naturetur for å hente krefter og inspirasjon.

Eva Furseth

Kunsthistorikar